Sende til flere mottakere?Separer adressene med komma
Alle dei fire norske, også den 20-årige førdeguten Marius Vedvik, persa med solid margin. Idrettsassistenten på Haakonsvern, debuterte på 10 000m bane med 10. plass og lovande sterke 30.25.67. Mesteparten av løpet drog han sjølv, og sjølv om eit par konkurrentar smatt forbi på sisterunden, var allsidige Marius svært godt fornøgd. Til vanleg spring han i gulardrakt og blir trent av Arne Risa. Med 29.49 i gateløp frå 2011 og 1.04.36 på halvmaraton i Den Haag i mars var Asbjørn Ellefsen Persen mellom favorittane. "Berre" 30.32 i årets Sentrumsløp gjorde likevel at ein var litt usikker på forma til tjalvisten, som er busett i Hamar. Frå før stod han notert med 30.47 som personleg banerekord, noko som heller ikkje skremte konkurrentane i dette selskapet. Det var lagt opp til 2.57-59 fart av harar dei første kilometrane. Asbjørn låg komfortabelt i feltet og gjekk først opp og drog 7-8 rundar før mål. Etter litt fram og tilbake, inkludert eit fall av islandske Kari Steinn Karlsson og diskusjonar om kven som skulle dra, var det berre dansken Michael Nilsen som følgde Asbjørn. Etter ein ulideleg spennande innspurt spang nordmannen først over mål på 29.47.03. Dansken var 6 tidelar bak mens islandske Kari Steinn Karlsson imponerande nok tok bronsen 3 sekund bak.
I kvinneklassen bytta Louise Wiker frå Sverige og finske Elina Lindgren plass på premiepallen frå fjorårets Nordic Challenge på Island. Dei to drog saman med nederlanske Andrea Deelstra frå resten av feltet etter få rundar. Louise Wiker var sterkast på slutten og sprang inn til nordisk gull på tida 34.28.50. Sølvet gjekk til Lindgren på 34.32.66. Andrea Deelstra slukna dei siste kilometrane, og vart nr. 6. Hilde Aasheim (Osterøy IL) og Hanne Mette Sande (SK Vidar) tok ikkje sjansen på å følgja teten, men låg kontrollerande i hovudfeltet fram til 8 rundar før mål. Feltet sprakk opp med ein gong Hilde Aasheim sette fart, og på dei siste rundane kjørte dei to norske jentene lagtempo. Siste 3000m gjekk rett over 10 blank, og konkurrentane vart distansert med 30-40 sekund. Med sprintbakgrunnen sin var kanskje Hanne Mette Sande ein førehandsfavoritt på oppløpssida, men osterøyjenta Hilde Aasheim hadde tydelegvis mest krefter igjen på og sprang inn til bronse på tida 34.44.80. Det er 30 sekund fortare enn 10 km-persen frå Hytteplanmila i fjor haust. Banedebutanten Hanne Mette kom rett bak på 34.46.64, heile 46 sekund raskare enn tida hennar i Sentrumsløpet. Det kan nemnast at Hanne Mette, til liks med Marius Vedvik, opprinneleg kjem frå Førde.
Våre sponsorer:
Norsk Friidrett - Ullevål Stadion, 0840 Oslo - Tlf 21 02 90 00 - Kontakt oss